SISTE:  Samrøystes ja til sal av Fjord1-aksjar

Det ekstraordinære møtet starta klokka 10. Havilafjord-eigar Per Sævik forklarte innleiingsvis om bakgrunnen for at dei ønskjer å kjøpe aksjane for  1,065 milliardar kroner.

1,2 mrd. i morselskapet

Herøy-reiaren gjekk grundig gjennom dei ulike selskapa i Havila-konsernet og korleis det sto til med økonomien.

Han la ikkje skjul på at reiarlaget Havila Shipping er vanskelege tider. Men han påpeika at morselskapet Havila Holding har ein eigenkapital på 1,2 milliardar.

Gjer unntak om risiko

Eit konsulentselskap har i saksframlegget slått fast at Havila-konsernet har økonomisk ryggrad til å kjøpe dei 26 prosentane i Fjord1. Havilafjord er i dag minoritetseigar med 41 prosent, og vil etter kjøpet av fylkeskommunen sine aksjar, har 67 prosent - og full kontroll i selskapet som er størst på ferjedrift i landet.

Etter at Sævik påpeika at han heile tida har skjerma morselskapet Havila Holding, men påpeika at dei no gjer eit unntak med ein garanti som ligg i aksjekjøpsavtalen med fylkeskommunen.

– Det er fordi vi ser at selskapet har gode utsikter. Vårt bidrag til Fjord1 vil vere å jobbe for at dei skal vere eit konkurransedyktige og i front på grøn teknologi. Men vi må tidleg opp om morgonen for å handtere desse utfordringane framover, la han til.

Haugianar og reiar

Etter det smp.no forstår var foredraget tilsvarande som Sævik heldt for fylkesutvalet tidlegare i veka. Då feide han fekk all tvil ved å framstille seg sjølv som en nøktern og enkel mann, og eit samrøystes utval sa ja til sal.

Sunnmøringar kjenner godt reiaren som årleg har vore med som arrangør av Haugianar-seminar i heimkommunen, samstundes har vore raus med å sponse lokalsamfunnet.

– Men eg har alltid vore avhengig av å ha med folk som er flinkare enn meg sjølv. Eg er ikkje den du kan sette til noko som treng særleg hjernekapasitet, sa Sævik audmjukt.