Samrøystes ja til sal av Fjord1-aksjar til Havila

Fylkestinget i Sogn og Fjordane gjekk samrøystes inn for å selje den omstridde aksjeposten til Havilafjord og Sævik-familien.

Samrøystes Ingen av medlemmane i fylkestinget reiste seg for å stemme i mot avtalen som er framforhandla med Havilafjord.   Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyheter

Debatten i fylkestinget fredag var prega av ein langt meir gemytteleg tone enn mange tidlegare politiske møte i denne omstridde saka, og vedtaket viste seg tidleg etter gruppemøta å bli samrøystes.

Ein etter ein gjekk politikarane på talarstolen og fortalde at dei var nøgd med avtalen, måten den var framforhandla på - og at det var nett Per Sævik som overtek som majoritetseigar i Fjord1.

Meir frå møtet: Sævik gjer unntak om risiko i Fjord1-saka

Beklaga til innbyggjarane

Stein Malkenes (MDG) som har vore mellom dei argaste kritikkarane av prosessen, var nok det som fekk opp temperaturen mest. Men han innleia slik:

– Det ser ut som vi er i ei gravferd. For meg er dette ein gledas dag!

Men så snakka rett til innbyggjarane i Sogn og Fjordane då han sa:

– Eg beklagar at dokke har blitt utsett for det dokke har blitt utsett for, sa Malkenes.

For sjølv om det var mykje glede over vedtaket fredag, var det også litt «skuggeboksing» om den harde striden som ligg føre avgjerda.

Nøgd Stein Malkenes (MDG) meiner det er ein god avtale for fylkeskommunen. Skjermdump frå nett-sending 

Ønskja evaluering

Malkenes ønskja at fylkespolitikarane kom tilbake til saka i ei grundig evaluering. Han fekk støtte for dette frå fleire kollegaer, men dei fleste meinte det var for tidleg å gjere dette allereie no i haust.

Malkenes gjentok óg kravet om at alle dokument i saka frå Torghatten-runden måtte bli gjort offentlege.

 Men på same vis som alle andre på talarstolen denne dagen ga Malkenes uttrykk for glede over

Då fylkesordførar Jenny Følling tok ordet etter vedtaket, påpeika ho at fylkestinget truleg aldri har handsame ei større sak - og kalla vedtaket historisk.

Havila Holding garanterer:

Sævik gjer unntak om risiko for kjøp av Fjord1-aksjar

Snakka til fylkestinget i Sogn og Fjordane som skulle skal ta stilling til sal av Fjord1-aksjar til Havilafjord.