Totalt 170 bebuarar mistar mottaksplass som følgje av avgjersla frå Utlendingsdirektoratet (UDI), skriv RB-nett, som omtalar saka.

- Vi må gå gjennom tenestene som Vestnes kommune har som vertskommune for asylmottaket. Desse må no skalerast ned og takast bort, seier administrasjonssjef Tone Roaldsnes i Vestnes kommune i ei pressemelding.

- Krevjande prosess

- Dette vil bli ein vanskeleg og krevjande prosess både for bebuarar og tilsette ved mottaket, held Roaldsnes fram, som legg til at dette også vil bli ein krevjande prosess for Vestnes kommune.

Nedlegginga er eit ledd i UDI sine planar om å avvikle totalt 7000 mottaksplassar i landet innan 1. september, grunna lågare ankomsttal for asylsøkarar.

- Vi vil gjere alt vi kan for å gjere denne prosessen så ryddig som mulig, seier Roaldsnes.

Les meir om kva for mottak som blir lagt ned på UDI sine nettsider her.

Lågare asyltilstrøyming

Det var i juli at UDI først meldte om dramatisk reduserte tal på nye asylsøknadar, og at mottakskapasiteten dermed ville bli redusert.

Ved utgangen av juli hadde 1 943 personar søkt om asyl i Norge så langt i år, ifølge tal frå UDI.

Til samanlikning søkte totalt 6.005 personar om asyl i løpet av same periode i fjor. Talet på søknadar har dermed sett ein nedgang på 67,7 prosent innanfor ein samanliknbar periode.