Det skriv Giske kommune i ei pressemelding onsdag. Dette var ikkje uventa, i og med at kommunen gjekk med underskot i både 2014 og 2015, som ikkje var dekt inn i tråd med krava.

Underskotet som skal dekkast inn er på 17 millionar kroner.

– For oss betyr det å være innmeld i ROBEK at nokre vedtak ikkje er gyldige før dei er godkjend av Fylkesmannen. Dette gjeld opptak av nye lån, vedtak om langsiktige leieforhold lengre enn fire års varighet, skriv kommunen i pressemeldinga.

– I tillegg må det utførast ein lovlegheitskontroll av kommunestyret sine budsjettvedtak.

Konkrete tiltak

Kommunen må no utarbeide ein forpliktande plan med konkrete tiltak for korleis underskotet skal dekkast inn.

Her må innsparingsbeløp og tidsplan kome klart fram.

«Det faktum at vi vert ROBEK-kommune kjem til å ha stor innflytelse på økonomiplanen 2017 - 2020. Det er i denne planen vi må syne korleis vi vil sikre inndekking av meirforbruket vårt», heiter det i pressemeldinga.

– Stor innflytelse på økonomiplan

Investeringar som allereie er starta opp vert ikkje stoppa av Fylkesmannen, og det er heller ikkje slik at alle planlagde investeringar vert stoppa.