Høgskulane i Østfold, Molde og Volda er blant dei få statlege høgskulane som står att aleine etter dei mange fusjonane i utdanningssektoren.

Høgskulen i Østfold, som er større enn Volda og Molde til saman, vil stå aleine. Det har regjeringa tvilt seg fram til at dei får, seier statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet til Forskerforum.

Samleside: Fleire saker frå Høgskulen i Volda finn du her.

– Usikker på om Volda vil klare nye krav

Høgskulen i Volda (HiVO) må jobbe hardt for å klare seg aleine. Særleg den nye lærarutdanninga kan bli ein bøyg, ifølgje statssekretæren.

– Eg er usikker på om Volda vil klare dei nye krava, som er aller viktigast for å kunne fortsetje som eigen høgskule, seier Haugstad til Forskerforum.

Samarbeid med Bergen

– Etter vår eiga vurdering skal vi klare dei nye krava, svarar rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, til Forskerforum.

I staden skal skulen inngå i eit tettare samarbeid med Universitetet i Bergen. Samarbeidsavtalen skal vere klar innan kort tid.

– Vi vil heller vere ein sjølvstendig høgskule, enn ein filial i eit større universitet, sa Roppen då han opna det akademiske året ved Høgskulen i Volda tidlegare i haust.