Kommunereforma:

Ny sak om folkerøysting i Hornindal

Politikarane i Hornindal skal igjen behandle sak om folkerøysting i samband med kommunereform.

Ordførar Stig Olav Lødemel konstaterer at 337 innbyggjarar i Hornindal krev folkerøysting, men at det likevel er eit fleirtal av innbyggjarane som ikkje har skrive under på lister med dette kravet. 

Nyheter

Dette skjer etter at Aksjonsgruppa for folkerøysting har samla inn 337 underskrifter for folkerøysting.

Kommunestyret har hatt saka oppe fleire gonger, og vedteke at Hornindal slår seg saman med Volda.

Saka blir lagt fram utan tilråding, men ordførar Stig Olav Lødemel (H) har i eit lesarinnlegg gjort greie for at han meiner det ikkje er grunnlag for å endre på noko.

– Når kravet om folkerøysting skal vurderast på nytt, er det av vesentleg betyding at 65 prosent av dei røysteføre av ulike grunnar ikkje har skrive under på kravet. Skulle eit krav frå 35 prosent av dei røysteføre bli gjeldande, vil det vere eit mindretal som køyrer over eit solid fleirtal, skriv Lødemel.

Kommunestyret avgjer saka 8. september.