Ved utløpet av august  2016 var 4.571 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,2 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 14,3 prosent frå same månad i fjor.

Sjekk tala for din kommune i botn av saka!

– Vi ser ein del nyansar i dette biletet. Sunnmøre har den mest gledelige utviklinga og Romsdalen held seg nokon lunde stabil. Utviklinga på Nordmøre er jamt over god med eit tydelig unntak i Kristiansund som fekk 34 fleire ledige sist månad, heiter det i pressemeldinga.

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,6 prosent for kvinner og 3,8 prosent for menn.

Illustrasjon fra Nav.

Oppseiingar i Island Offshore: Seier opp sjøfolk og flaggar om skip

Fleire langtidsledige

Fylkesdirektør Stein Veland i Nav Møre og Romsdal.

I Nav uroar dei seg noko for at det no er ein tydeleg auke blant dei som har vore samanhengande heilt arbeidslause utover 26 veker. Talet på langtidsledige har auka frå 937 til 1.322 siste året.

– Sjølv om arbeidsløysa totalt har auka, har langtidsledige auka meir, slik at andelen langtidsledige har stege frå 23 prosent til 29 prosent det siste året, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Arbeidsministeren: – Riktig veg

I landet er det 84.669 heilt arbeidslause. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er inga endring samanlikna med same periode i fjor.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. Foto: NTB scanpix

Det går i riktig retning, seier arbeidsminister Anniken Hauglie (H) til NTB.

– Eg er utrolig glad for desse tala, seier Hauglie.

– Samtidig er det altfor tidlig å friskmelde arbeidsmarknaden og den økonomiske situasjonen. Det er framleis skyer i horisonten. Men vi ser teikn på at det kanskje har stoppa opp, seier ho til NTB.

Uklart om dei vil bestå som eit sjølvstendig rederi i framtida: Farstad på kanten av stupet

Auke berre i Sør-Trøndelag

Nasjonalt falt arbeidsløysa mest i Aust-Agder og Finnmark i august når ein justerer for normale sesongvariasjonar. Det var berre Sør-Trøndelag som hadde ei lita auke i arbeidsløysa, mens det var stabilt i fire fylker, ifølge NTB.

Nasjonalt var bygge- og anleggsyrker og butikk- og salsarbeid yrkesgruppene kor arbeidsløysa falt mest i august. Innan ingeniør- og ikt-fag fortsette ledigheten å auke.

Venter uendra rente

Tala var betre enn venta, ifølge Jeanette Strøm Fjære i DNB Markets til NTB.

– Tala støtter vår forventning om at styringsrenta blir halde uendra etter rentemøtet i september, seier ho.

DNB understreker at arbeidsmarknadstala framleis viser lav sysselsetting og gradvis aukande arbeidsløyse, men at den registrerte arbeidsløysa – som Nav opererer med – er et viktigare tall for Norges Bank.

Sjekk tala for din kommune:

KommuneMennKvinnerSumI prosent av arbeidsstokkenEndring siste mndEndring siste år
1502 Molde3031494523,10 %-189
1504 Ålesund5013278283,20 %-2229
1505 Kristiansund4312676985,40 %34174
1511 Vanylven205251,50 %-5-25
1514 Sande2417412,80 %-1-18
1515 Herøy105841894,00 %-7716
1516 Ulstein138762144,60 %-863
1517 Hareid96511475,40 %-336
1519 Volda81341152,50 %-1322
1520 Ørsta109631723,00 %-334
1523 Ørskog1615312,50 %5-8
1524 Norddal105151,70 %-36
1525 Stranda3324572,20 %-4-5
1526 Stordal84122,20 %-2-8
1528 Sykkylven4932811,90 %-60
1529 Skodje4132733,00 %44
1531 Sula64561202,50 %27
1532 Giske5836942,20 %47
1534 Haram134782124,40 %4690
1535 Vestnes93331263,50 %18-17
1545 Midsund2411353,30 %-4-2
1546 Sandøy66121,80 %-71