Facebook-venn vant premie:

Tobias (13) er Sunnmørsposten sin følgjar nummer 30.000 på Facebook

Sjølv om han hadde nettbrett frå før, blei sykkylvingen svært fortumla og glad då vi dukka opp under treninga og heidra premievinnaren vår.

Tobias Kalstad har vunne seg nettbrett og digital-abonnement på Sunnmørsposten. Det vert om muleg endå lettare å fordjupe seg i sport no. Kan hende litt nyhende og?  Foto: Bjørn Halvorsen

Nyhetsappen til Sunnmørsposten

Sunnmørsposten har lansert egen nyhetsapp for smarttelefonar.

  • Den er tilgjengeleg for Android-telefonar og iPhone.
  • Med appen får du pushvarsel (meldingar) når det skjer noko viktig i nordvest.
  • Den er gratis og kan lastas ned her: http://bit.ly/smp-app
Nyheter

– Eg hugsar ikkje heilt kva det var eg trykte «liker» på. Kan det ha vore eit fotografi? Elles les eg helst sport. Særleg fotball, fortel Tobias Kalstad.

Ikkje for det: Han går på bortoverski straks høvet er der. Gjekk renn tidlegare, då Sykkylven hadde lag. Men heretter er det mest for moro.

Gjer som meir enn 30.000 andre - følg smp.no på Facebook!

Ungguten likar å sjekke kva kjenningane legg ut. Sjå kva dei styrer med. I tillegg til Facebook, er han  på Instagram og Snapchat også.

– Eg brukar vel desse om lag like mykje.

– Kva legg du ut sjølv?

– Då vi vann klassa vår, G14, under cupen i Sogndal posta eg bilde. Det same då vi var med i Norway Cup, fortel Tobias.

Fornøgd med sporten

– Eg les mykje i sporten til Sunnmørsposten, så  eg får jo med meg litt om AaFK og sånt. Så må eg følgje med på engelsk fotball.

Dét må vi forstå som «Liverpool» i dette hushaldet.

Tobias er visst nokså nøgd med sporten i Sunnmørposten. Den får klart godkjend.

– Men de kan sjølvsagt skrive meir om oss i Sykkylven.

Følg lokalsporten på Sunnmørsposten her

Aktiv Korkje sørvest kuling eller regn hindrar G14-laget å trene. Gjer dei det bra, hender det at Tobias postar eit instagram-bilde eller to.   Foto: Bjørn Halvorsen

13-åringen byrja på ungdomsskole no i haust. Men så mykje nyhende og politikk blir det førebels likevel ikkje.

– Jo du, eg tek meg tid til leksene. Puggar glosar og slikt. Engelsk og spansk.

– Spansk? Det er då rimeleg eksotisk som valfag?

– Kan hende. Men det er eit mykje større språk enn til dømes tysk. Kan nyttast i større delar av verda.

– Tja? FC Barcelona er vel eit greitt lag?

– Får ikkje hjelpe. Det er Liverpool som gjeld. Vi likar både Ronaldo og Zlatan, vi. Men at Zlatan gjekk til United var ikkje noko særleg, medgjev Tobias.

Følg Sunnmørsposten Sport på Facebook her

App-ane er kjekke

Han og faren er visst om lag like forgapte i sport. Kan tru dei kosar seg no i haustmørkret med britisk fotball. Men dei er rett alt-etande: Under OL såg dei mest rått og røte, fortel husfrua – som viser seg å vere like idrettsvenleg innstilt som resten.

Heilt blank på nyhende er «sportsidioten» Tobias ikkje. For han har då app-ane til både TV2 og VG.

– Der får eg meldingar om kva som har skjedd viss det er noko større. Slike app-ar er kjekke, meiner unge Kalstad.

Då bør han og alle andre merke seg at Sunnmørsposten har lansert ein flunkande ny app for mobil, som heiter «Sunnmørsposten Nyheter» og er å finne på dei vanlege laste ned-plassane.

Leser du på mobil? Last ned appen her.

– Ja ja, Tobias. Du får pakke inn igjen premien og heller gje den til mor di oppunder juletreet. Har de karane forresten vore på Anfield?

– Nei. Men eg har veldig lyst til Liverpool.

– Vi får sjå om ikkje det vert ei råd med dette no når han har blitt så stor, svarer Benedicte.

– Høyrer du: Dette er det næraste du kjem ein lovnad om gutetur!

– Men vi vil gjerne vere med, vi jentene òg, seier mor og ler.

Det er berre å fylgje med kva som skjer. På Face, Insta og Snap...