For grunneigarar landet over er dommen i tingretten svært viktig.

Statens vegvesen ber no Ørskog kommune om å anke til lagmannsretten.

Vanlegvis får grunneigarar 18 til 20 kroner per kvadratmeter beslaglagt jord. I Ørskog har fleire grunneigarar fått det mangedoble, 120 kroner per kvadratmeter, etter ein dom i tingretten i juni.

Dommen kom etter at Vegvesenet skal bygge gang- og sykkelveg langs fylkesveg 650 mellom Giskemo og Amdam.

Det er nye er at erstatninga er rekna ut etter kva jorda kan produsere i framtida, ikkje berre ut ifrå kva den enkelte grunneigar i dag får ut av den.

Jordbær?

I dag blir det produsert gras og korn i området. Men det kan også vere aktuelt med jordbærproduksjon, som kan gje langt høgare avkastning.

– Skjønnet konkluderer derfor med ein pårekneleg jordbærproduksjon på alt areal og med ein pris på kr 120 kr pr. m², heiter det i eit notat frå Statens vegvesen.

Prinsippielt viktig

– Dette skjønnet er korrekt og kjem til å bli «skjelsetjande» for framtidige gang- og sykkelvegerverv på våre kantar. Tapet er varig, og utmålinga av erstatning skal skje for «evigheita», uavhengig av dagens drift og eigar, sa advokat Bjørn Kristian Hove til Sunnmørsposten i sommar.

Resultatet av dommen var at Statens vegvesen må betale dei seks grunneigarane i området erstatningar frå underkant av 200.000 kroner og opp til nær 300.000 kroner.

Tingretten grunngjev sitt standpunkt med fleire forhold, mellom anna.

  • Området har den beste jordbruksjorda i kommunen.

  • Arealet har tidlegare blitt nytta til potet- og grønsaksdyrking og noko bærproduksjon.

  • Krav til dagens landbruksdrift talar for ei omlegging av drifta for å få større avkastning.

  • Giskemo ligg nær område med stor jordbærproduksjon og auka etterspørsel etter areal som kan produsere jordbær.

– Urealistiske kalkylar

– Saka er svært viktig for Statens vegvesen, og vil skape presedens for liknande saker over heile fylket framover, skriv rådmannen i Ørskog i si innstilling og anbefaler at kommunestyret ankar saka.

Vegvesenet meiner kalkylane som tingretten har lagt til grunn ikkje er realistiske.

– Det er den sannsynlege og forsvarlege drifta av arealet som skal leggjast til grunn, skriv Vegvesenet i eit notat til kommunen.

Vegvesenet meiner utgiftene er større, og inntektene mindre, ved jordbærproduksjon enn det tingretten har lagt til grunn.