– Få med deg rutetabellen, flirer Jon Georg Dale i det han trer i land og peikar på ein skriftfattig plakat med eit heller snevert rutetilbod.

Skyssbåten MS Hjørundfjord har nettopp lagt til kai ved Skår i Hjørundfjorden. Regnet ausar ned ,og hausttåka omsluttar tindane kring oss. Med eit reisefølgje beståande av alt ifrå landbruksdepartementet til lokale bønder legg vi ut på det som etter programmet blir ein lang tur med sauesanking.

Praten går kring landbrukspolitikken i det gruppa legg høgdemeter på høgdemeter bak seg.

– Vi skal starte frå toppen med sankinga. Deretter skal vi føre flokken nedover dalen, forklarer bonde Knut Hustad i det vi kavar oss gjennom ei sleip og tettvaksen fjellside.

(Saka held fram under videoen.)

Tilbake til røtene

Etter nokre timar er vi inne i eit lettare terreng der vi går langs ryggen på «Berget» i dalen over Skår. Landbruksministeren, Jon Georg Dale, har medianoreg på slep, og har mangt å svare på medan han er på veg opp til målet på 600 høgdemeter.

Nokre av hans kollegaer ertar han også litt ettersom han stadig hamnar bakpå fordi spørsmåla ikkje kan vente. Dale legg heller ikkje skjul på at kontorarbeidet har gjort sitt til at kondisjonen ikkje er optimal.

– Det er morosamt å få vere tilbake i fjella for å sanke sau. Eg har vakse opp på eit småbruk og hadde sjølv gjetarhund, så dette bringer tilbake gode minner. Det er ei ubeskrivelig kjensle å sjå korleis ein gjetarhund, som du sjølv har dressert opp, arbeider med sauene, forklarer ein nøgd landbruksminister.

Fern er ein av hundane som som sørga for at sauene blei leia ned fjellsida.

– Denne turen viser oss noko av det viktigaste vi må ta vare på i norsk landbruk, og det er at vi tek i bruk utmarkene til beiteområde, held han fram.

Før den store sankinga startar, har hundeeigar og bonde Atle Arnesen ein tradisjon der han tilbyr reisefølgjet ein jegermeister før hundane sleppast laus i fjellsida. I tillegg har konsernsjef i Nortura, Arne Kristian Kolberg, teke med seg eit fenalår som stammar frå dalen vi no sit i. Dette til stor glede for saueeigar Odd Bjarne Bjørdal som nyt dei kortreiste kjøtbitane.

Utfordra reisefølgje

I år går det føre seg ein overproduksjon av norsk lammekjøt med 1.500 tonn på lager.

I pausen nyttar Dalen høve til å utfordre både Nortura og Coop til å prøve å finne nye løysingar for å gjere norsk sauekjøt endå meir attraktivt.

– Vi vil prøve oss på Frankrike. I Noreg har vi forutsetnadar for å kunne produsere det dobbelte av småfekjøt. Men sidan kostnaden er stor, må ein finne nisjemarknader som er villig til å betale prisen det kostar, fortel konsernsjef i Nortura, Arne Kristian Kolberg.

Nortura vil ta utfordringa til Dale og peikar på eksport som ei løysing.

Kunne ha gått betre

Tre spreke gjetarhundar blir sleppt ut i fjellsida medan Bjørdal kommanderer og bles i ei fløyte for å signalisere kvar hundane skal springe.

På få minutt er hunden Kompis fleire kilometer opp i fjellsida for å prøve å leie ned tre sauer. Det heile endar opp med at lite samarbeidsvillige sauer slepp unna. Likevel får gjetarhundane has på fleire sauer på veg ned langs Litledalselva.

Tilslutt er det 53 sauer som kjem heilskinna ned fjellsida, men verken Dalen eller Bjørdal legg skjul på at dei hadde håpt på fleire.

– Det er eit vanskeleg terreng å gjete sauer, erkjenner Bjørdal i det vi etter ni timar i fjellet endeleg kan stue sauene inn i ein tilhengar for transport.

– Det blir nok ein tur til, men eg vil seie vi har vore flinke trass dårleg ver og vanskeleg terreng.

Odd Bjarne Bjørdal var nøgd med dagsverket sjølv om at han håpte å få ned endå fleire.