Ørsting skal leia verdas bioingeniørar

Marie Nora Roald frå Ørsta er vald til president for den internasjonale organisasjonen for bioingeniørar.

President Marie Nora Roald er frå Ørsta, men no busett på Lillestrøm. Ho blei natt til måndag vald til president i den internasjonale organisasjonen for bioingeniørar.  Foto: Pressefoto: Anders Olsson

Nyheter

Valet skjedde natt til måndag, i Kobe i Japan, under verdskongressen for bioingeniørar.

Presidentvervet i International Federation of Biomedical Laboratory Science (IFBLS) varer i to år.

Internasjonalt talerøyr

Marie Nora Roald jobbar som seniorrådgjevar i NITO, og er utdanna bioingeniør. Ho kjem opphavleg frå Ørsta, og bur no på Lillestrøm.

– Mi viktigaste oppgåve som IFBLS-president er å styrke organisasjonen som internasjonalt talerøyr for bioingeniørar, seier Roald i ei pressemelding frå NITO.

Ebola

Den nyvalde presidenten viser blant anna til ebolautbrotet i 2014 som eksempel på kvifor laboratoriefaglege stemmer bør bli betre høyrde.

– Det blei problem med analyseutstyret i varmen i Vest-Afrika. Hadde bioingeniørar sin ekspertkunnskap blitt høyrd, kunne ein unngått problemet ved å velje anna utstyr eller andre prosedyrar, seier ho.

Vil bygge ekspertgruppe

Marie Roald vil at IFBLS skal påverke internasjonale avgjerdsprosessar som gjeld bioingeniørar og medisinske laboratorium. Konkret meiner ho det blant anna handlar om å byggje opp ekspertgrupper for å få innverknad i Verdas helseorganisasjon (WHO).

Roald ser no fram til no gå laus på utfordringane i samarbeid med styret.

Sjølv om presidentvervet vil innebere stor reiseverksemd, vil ho framleis ha base i Bioingeniørfaglig institutt (BFI) som del av hovudkontoret til NITO (Norges ingeniør- og teknologorganisasjon) i Oslo.