- Dette er første gong vi har ei slik samling, og det er heilt på sin plass at vi møtest, sa Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad på vegner av Nordfjordrådet på opninga.

- For det har alltid vore tette band mellom Nordfjord og Sunnmøre, påpeika Vågsøy-ordføraren, som opphavleg er sunnmøring.

Heilt eller delvis samanslåing

Tema for møtet er regionreforma, der det har vore utspel om ulike variantar som inneber heilt eller delvis samanslåing av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. At Nordfjord går inn i Møre og Romsdal synest lite aktuelt.

- I Nordfjordrådet er det semje om at Sogn og Fjordane må gå samla inn i ein region, sa Kristin Maurstad.

Samstundes er ho uroleg for planane om ein storregion på Vestlandet, med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

- Nordfjord vert eit lite komma i denne samanhengen, sa Maurstad.

Møre og Romsdal samla i ny region

Leiaren i Sunnmøre regionråd, Jan Ove Tryggestad, gjorde det på si side klart at regionrådet ønskjer at Møre og Romsdal skal vere samla i ein ny region.

- Men det er likevel viktig å drøfte ulike framtidsscenario. For det vil innbyggjarane at vi gjer. Og som ordførar i Stranda vil eg seie at det er frykteleg uklokt å stengje døra sørover. Vi har mykje å samhandle på, slik som Strynefjellsvegen, helse og skule, sa Tryggestad.