Oppdatering: Torsdag morgon er vegen opna for vanleg trafikk, opplyser politiet på Twitter.

Riksveg 15 i Stryn vart onsdag kveld sperra i begge retningar like over Faleide etter at det tok til å brenne i ein lastebil.

- Naudetatane er på staden, melde politiet på Twitter klokka 20.53.

- Bilen var lasta med høy, og det er dette som har tatt fyr. Då brannvesenet kom til staden var bilen overtent, fortalde Kai Henning Myklebust ved Vest politidistrikt til smp.no kort tid etter.

Litt før klokka 21.30 kunne operasjonsleiaren fortelje at det framleis brann i lastebilen, men brannvesenet hadde kontroll over flammane.

- Det er framleis ein del høy att på bilen, og ein vil forsøke å fjerne det for å få sløkt brannen, sa operasjonsleiar Myklebust.

Ifølgje politiet var det to personar i lastebilen, men det er ikkje meldt om personskade.

Politiet varsla litt etter klokka 21 at vegen ville bli stengt ei god stund som følgje av brannen.