Sandra, Daniel Martin og Benjamin Aasen Akogyeram (18) kunne måndag juble for førarkort. Dei tre søskena frå Fosnavåg er trillingar og blei 18 år sist fredag.

- Det er veldig gøy endeleg å ha fått lappen, seier Sandra og gler seg over at også dei to brørne hennar klarte førarprøva måndag denne veka.

Nervepirrande

Dei tre søskena har visst i to månader at dei skulle få køyre opp på same dag.

- Det var ganske nervepirrande. Og vi var budd på at ein av oss kunne stryke, fortel Sandra.

Då den siste av dei var ferdig, og dei to andre sat i bilen og venta, frykta dei det verste, sidan han såg lei seg ut. Men heldigvis lurte han berre dei andre, og snart kunne alle tre juble for å ha klart førarprøva på første forsøk.

Første trillingar på 42 år

Dei tre søskena har vore i Sunnmørsposten tidlegare, sidan dei for 18 år sidan var dei første trillingane som var fødde i Herøy på 42 år.

Fredag blei dei 18 år, og måndag reiste dei til trafikkstasjonen i Ørsta for å køyre opp til førarprøva.

Alle tre har jobba hardt for å få førarkort. Dei har hatt køyretimar sidan januar, og dei har hatt om lag like mange timar kvar.

Brukt kvar ledige stund

Mor Berit Aasen har øvingskøyrd med alle tre og sikra dei god mengdetrening.

- Vi har eigentleg brukt alle moglegheiter vi har hatt. Ja, vi har brukt kvar ledige stund. I sommar har det vore rimeleg intenst, for vi visste at målet var 5. september, fortel ho.

Køyrde på ferietur

Det begynte med lærekøyringsferie i fjor. I år køyrde dei til Aurland, der dei tre ungdommane køyrde stort sett heile vegen.

- Det har alltid vore litt krangling om kven det er sin tur, men det har gått veldig fint, seier Berit.

No har dei kjøpt ein bil på deling, og det kan nok bli litt diskusjon om kven som skal ha bilen. Berit reknar også med at ho må låne vekk sin eigen bil.

Fleire stordriftsfordelar

I mange samanhengar er det stordriftsfordelar med trillingar, men med førarkort var det lite å hente på stordrift.

Berit fekk forhandla seg fram til ein trillingrabatt hos Rotevatn trafikkskule, men elles måtte alle sjølvsagt ha individuelle køyretimar. Og alle tre måtte øvingskøyre med mora.

Ho fortel om ein logistikk for å få det til, men innsatsen betalte seg.

Logistikk har det også vore i samband med køyretimane. Mor Berit jobbar i Hareid kommune, og ungdommane har gått på vidaregåande skular i tre andre kommunar: Sandra i Ulstein, Daniel Martin i Volda og Benjamin først i Herøy og dette skuleåret i Ålesund.

Trøbbel med fråvær

Sandra er fylkesstyremedlem i elevorganisasjonen i Møre og Romsdal. Og ho er oppteken av dei nye fråværsreglane for elevar i vidaregåande skule, som ikkje gjer det lett for elevar å ta førarkort.

Ho måtte ta litt fri i innspurten for å sikra at ho klarte førarkortet. No reknar ho med å få varsel om at ho ikkje må ha meir fråvær i norskfaget.

- Tenk på alle som startar med førarkortet no. Det blir endå meir vanskeleg for dei, seier ho og håpar at reglane blir endra, slik at det blir mogleg å ta førarkort i skuletida.