Sidan april har 48 prosent av obligasjonslånet på 473 millionar kroner i Island Offshore Shipholding blitt handla på børsen, men ein veit ikkje kven det er som kjøper, melder nett.no.

- Det er ikkje meg, seier investor Trond Mohn om oppkjøpa i lånet. Bergensinvestoren har tidlegare gjort støttekjøp av obligasjonar i selskapet og slik hindra andre i å ta negativ kontroll i lånet undervegs i arbeidet med refinans, og i mars kjøpte Mohn ut delar av lånet som del av refinansieringa av selskapet, slik at dette vart redusert frå 700 til nett 473 millionar kroner.

Hvis det er ein investor som står bak alle kjøpa vil vedkommande ha meir enn ein tredel eigarskap i lånet, noko som betyr at vedkommande vil kunne stemme ned framlegg til nye refinansieringar som omfattar obligasjonslångivarane i selskapet. Men: I motsetnad til dei offshorereiarlaga som framleis er i forhandlingar med långivarane sine om refinansløysingar, har Island Offshore ein avtale som utset tilbakebetalinga på lånet til 2018. Selskapet har også ein klausul i avtalen som gir dei rett til å innfri heile lånet til full verdi samt noko i renter, før perioden for lånet går ut. Klausulen gjer det mogleg for selskapet å kvitte seg med obligasjonseigarar, men prisen vil då vere langt høgare enn den lånet er verdsett til i marknaden no.