- Det er viktig at sunnmøringane igjen kan stå saman. Det er då vi er sterkast, både med tanke på Lånekassen i Ørsta og på andre område, seier Jan Kåre Aurdal, dagleg leiar i Sunnmøre regionråd.

Saman med rågjevar Erlend Krumsvik i regionrådet og Ørsta-ordførar Stein Aam, møtte han deler av Mørebenken onsdag ettermiddag.

Regionpolitisk dimensjon

Lånekassen sitt kontor har i dag 22 tilsette, og styret har vedteke å leggje ned kontoret frå 2020. Saka er no sendt over til departementet for endeleg avgjerd.

- Vi har ikkje så mange statlege arbeidsplassar i regionen og derfor har vi ikkje råd til å miste ein einaste ein, seier Aurdal i ei pressemelding.

Erlend Krumsvik meiner Lånekassen sitt vedtak om å legge ned Ørsta regionkontor har klare regionalpolitiske dimensjonar.

- Dette har ikkje blitt teke omsyn til i omorganiseringsprosessen, uttaler Krumsvik.

Vil få til møte

Mørebenken som på møtet var representert med Harald Tom Nesvik (Frp), Else-May Botten (Ap), Helge Orten (H) og Pål Farstad (V), var alle enig om ei felles synleggjering av fordelane ved å behalde regionkontoret, både for Ørsta og distriktet sin del.

Regionrådet sine representantar meiner vegen vidare no er å møte statsråden, noko Harald Tom Nesvik og dei andre på Mørebenken sa seg einig i.

- Nesvik sit rimeleg tett på, og han meinte det skulle la seg gjere å få til eit møte rimeleg raskt. Dette har eg også fått på telefon med departementet, seier Aurdal til smp.no.

Venstre trur på avtale

TIl lokalavisa Møre-Nytt seier Pål Farstad at han har stor tru på at Lånekassen kan halde fram i Ørsta. Han meiner det er heimla i avtalen mellom regjeringspartia og Venstre om utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo.

- Det heng ikkje på greip å flytte eller kutte statlege arbeidsplassar frå ein region og eit fylke som er hardt råka av oljenedturen og som frå før kjem dårleg ut når det gjeld statlege arbeidsplassar, seier Farstad til avisa.

Og han legg til:

- Om ikkje Lånekassen som institusjon ser det, så forventar eg at kunnskapsdepartementet og regjeringa ser det.