Før helga presenterte Sunnmørsposten ei meiningsmåling der Kristleleg Folkeparti sitt sikre mandat i Møre og Romsdal ikkje er så sikkert lenger, og lokale Krf-folk uttrykte frykt for at Frp-stjerna Sylvi Listhaug skal stele veljarar.

Måndag var den sentrale partileiinga på besøk i Ålesund. Besøket kan kallast ein tidleg start på valkampen til Stortingsvalet, som er om nokså nøyaktig eitt år. Partileiar Knut Arild Hareide tar dårlege meiningsmålingar med fatning.

– Vi har hatt nokre målingar som ikkje var så bra, men så fekk vi ei i går som var veldig bra, på 7,1 prosentpoeng nasjonalt. Den var kanskje for bra, medan dei som var dårlege kanskje var for dårlege, seier Knut Arild Hareide.

(saka held fram under)

– Stor skilnad

Målet i Møre og Romsdal er klart: Det er å sikre eitt mandat i Stortingsvalet.

– Det trur eg vi har gode mulegheiter til å klare. Her er det mange som er opptatt av at dei kristne grunnverdiane skal ha ein betydeleg plass i samfunn vårt. Og det er ingen betre garantist for det enn Kristeleg Folkeparti.

– Fryktar du at Frp si sterke liste vil stele veljarar frå KrF?

– Det er ikkje berre Frp som utfordrar oss. Og det er stor skilnad mellom KrF og Frp i mange saker, slik som alkoholpolitikken, dette med aktiv dødhjelp og haldninga til porno.

– Men vil ikkje Sylvi Listhaug kunne prege valkampen i Møre og Romsdal?

Næringsliv, skule og HV

Som for rikspolitikarar flest er Hareide sitt besøk på Sunnmøre prega av møte med næringslivsfolk, først og fremst innan den kriseråka maritime sektoren. Men dagen starta med skulepolitikk på Borgund vidaregåande skole i Ålesund.

Deretter var det lunsjmøte med representantar for det nedleggingstrua heimevernsdistriktet HV11. KrF-leiaren la for dagen stor sympati for dei som kjempar mot nedlegging.

– Framtida til HV 11 er eit spørsmål som betyr mykje for regionen her, og som kan kome til å prege valkampen. Her er det Høgre og Frp som går i bresjen for å leggje ned HV 11, og det trur eg veljarane legg merke til, seier Knut Arild Hareide.