Det var NRK Sogn og Fjordane som først skreiv om saka.

Mandag publiserte Fjordingen fleire artiklar om møtet der Statens vegvesen presenterte sine planar for Strynefjellet. Vegvesenet går inn for tunnel frå Skåre til Breidalen, med sidetunnel til Geiranger.

Ei av sakene - med tittelen "Tre ordførarar med tommelen opp" - var signert Inge Fænn. Den tidlegare journalisten og redaktøren i Fjordingen sit no i kommunestyret for Høgre i Stryn.

I saka har han intervjua ordførarane Elias Sperstad (Sp) i Skjåk, Jan Ove Tryggestad (Sp), Stranda og Sven Flo - som er ordførar for Høgre i Stryn. Dei tre ordførarane kallar oppgraderinga av vegen eit kjempegjennomslag.

Reagerar

Norsk Journalistlag og Norsk Presseforbund reagerer på at Fænn har intervjua ein partikollega, ifølgje NRK.

– På dette området er Vær Varsom plakaten veldig klar. Redaktørar og journalistar må passe på sjølvstendet og unngå dobbeltroller eller andre bindingar som gjer at ein kan spekulere rundt habiliteten deira, seier generalsekretær for Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum, til NRK.

– Ikkje noko med politikk å gjere

Inge Fænn ser på saka som uproblematisk.

– Dette var ikkje noko politisk møte. Det var eit heilt vanleg møte som ikkje hadde noko med politikk å gjere. Viss NRK Sogn og Fjordane eller Sunnmørsposten hadde lese saka, vil dei sjå at eg har intervjua ordførarar frå ulike parti, samt fylkesordføraren i Møre og Romsdal, som er frå Arbeiderpartiet, seier Fænn til Smp.no.

– Eg dekkjer ikkje politiske møter for Fjordingen, seier han.

Ordførar i Stryn, Sven Flo