Ei nedlegging av Heimevernsdistrikt 11 betyr omfattande sentralisering og kraftige kutt i heimevernet på Nordvestlandet, meiner ordførarane i Møre og Romsdal.

Frå før har alle dei 26 ordførarane i Sogn og Fjordane kome med eit opprop om å bevare HV-11.

Distriktet omfattar Møre og Romsdal fylke og nordlege delar av Sogn og Fjordane. 17. juni vart det stadfesta at regjeringa vil legge ned HV-11 og Setnesmoen.

Ordførarane i Møre og Romsdal har no samla seg, og sendt eit opprop til Forsvarskomiteen i Stortinget der det står at «HV 11 må styrkjast, ikkje leggjast ned.»

Ingen andre i nordvest

Regjeringa foreslår nedlegging av HV-11 som ein del av Langtidsplanen for forsvaret.

Også Sjøheimevernet er foreslått avvikla.

I motsetnad til alle andre delar av landet har Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ingen anna militær tilstadevære enn Heimevernet, påpeikar ordførarane.