Strynefjellet:

Tunneleffekt for kysten

Ein ny tunnel over Strynefjellet vil ha størst effekt for næringslivet lengst ute ved kysten.

Analyse Frants Gundersen ved Transportøkonomisk Institutt har analysert konsekvensane av ei ny tunnel over Strynefjellet, med ei sidearm til Geiranger.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Det sa Frants Gundersen i Transportøkonomisk Institutt (TØI) på vegseminaret i Geiranger denne veka.

Der lanserte Statens vegvesen ein 16,6 km lang tunnel som erstattar dagens tunnelar.

– Ein ny tunnel betyr spart tid for næringslivet. Det betyr også tryggare veg, sa Gundersen.

Sikker og alltid open veg

TØI har spurt næringslivet på Nordvestlandet, som svarer at sikker og alltid open veg til Austlandet er det viktigaste.

– Dei svarer også at dei ikkje er spesielt redde for bompengar, legg Gundersen til.


Tilrår lang tunnel på Strynefjellet

Statens vegvesen tilrår at det blir bygd ein 16,6 km lang tunnel frå Skåre i Stryn til Breidalen på Strynefjellet, og ein 7,6 km lang sidetunnel til Opplendskedal ved Geiranger.

Undersøkinga viser også at næringslivet i dag ofte sender bilane via Romsdalen, sjølv om Strynefjellet er kortare veg.

Geiranger

Vegvesenet lanserte også ei sidearm til Geiranger.

TØI trur dette vil gje 60.000 nye overnattingar og dobla omsetning.