Tunnelen er no open igjen, etter å ha vore stengt i halvannan time.

- Mesta har rydda opp, men vegen er ikkje opna enno. Det er ikkje fare for langvarig stenging, opplyste Vegtrafikksentralen i Oslo klokka 07.20.

Tunnelen skal ha blitt stengt klokka 05.47.

- Det var Nettbuss som melde frå om at ein rundt to kilos stein hadde ramla ned frå tunneltaket rett før utgangen på vestsida, opplyser Vegtrafikksentralen i Lærdal.