Fjordane tingrett har dømt ein mann i 20-åra til 36 dagar fengsel på vilkår, med to år prøvetid. Han må også betale 10.000 kroner i bot.

Dessutan må han betale oppreisingserstatning på 5.000 kroner til jenta som han utsette for ei seksuell handling.

Upassande

Mannen frå Nordfjord har tilstått at han befølte ungdomsskuleeleven som han køyrde til skulen. Men i retten sa han at handlinga ikkje var seksuelt motivert.

I skjerpande retning har retten lagt vekt på at mannen også ved to andre høve har opptredd upassande overfor passasjeren.

Får ikkje køyre drosje

Det er også lagt vekt på at handlinga blei utført medan han var på jobb som sjåfør for skulebarn.

Framferda blir vurdert som eit tillitsbrot i høve til eleven.

Dommen inneber også at han mister retten til å føre motorvogn mot vederlag i to år.