I løpet av veka blir Sandøy kommune meldt inn i Robek.

Det opplyser rådmann Ann-Heidi Paulsen Orvik i ei pressemelding.

Grunnlaget for Fylkesmannen si avgjerd er, ifølge rådmannen, at Sandsøy kommune hadde eit meirfobruk i 2014 på 3,4 millionar kroner.

Kommunestyret vedtok å dekke inn dette underskotet med bruk av fond.

– Adminstrasjonen, etter rådføring med revisjonen, såg dette som mangelfullt vedtak sidan det mangla både årstall for inndekking og bruk av type fond. Det blei difor gjort presiseringsvedtak i kommunestyret der ein vedtok å dekke inn meirforbruket ved bruk av disposisjonsfond, opplyser Paulsen Orvik.

Fylkesmannen baserer seg likevel på det første vedtaket som vart gjort i Sandøy kommunestyre, og dermed blir kommunen å finne på Robek-lista.

Kommunen kan bli utmeld igjen våren 2017, dersom dei dekkjer inn meirforbruket.