– Det handlar om at vi må utvikle oss heile tida, seier dagleg leiar i Hoven Loen AS, Richard Grov.

Direktøren på Hotel Alexandra, Loen, er ein av pådrivarane, og største investor, for den dristige satsinga, som no viser godt att i landskapet.

Den nye toppstasjonen på 1001 meters høgde har reist seg, og er godt synleg frå fjorden. På kanten av det stupbratte fjellet skal det og bli eit restaurantbygg.

Brattast i verda

– Det er eit spesielt bygg og ein spesiell byggjeplass. Her er det milepælar nesten dagleg, seier han.

Denne veka har vore ekstra spennande. Eit sveitsisk byggjelag er i gang med å strekkje kablane som til bana.

– Det ser bra ut, seier Lukas Baumann, som er nestkommanderande for sveitsarane i selskapet Caraventa.

– Kva er det spesielle med denne bana?

– Alle er spesielle, men dette vert ei av dei brattaste i verda.

Den første av fem 1,6 kilometer lange kablar er alt på plass. Arbeidskarane til HS Bygg hadde fem millimeter å gå på i støypearbeidet for fundamentet.

– Dette er arbeid som krev ekstrem grad av presisjon, seier byggjeleiar Åsgeir Tomasgard.

Til topps

Hovenbana i Loen skal ta turistar tusen meter til topps på seks-sju minutt. Cruiseturistane i Olden kan fraktast direkte til nedre stasjon med tenderbåtar.

– Eg har alltid hatt ein draum om å gjere høgfjellet meir tilgjengeleg for alle, seier Grov.

Prisen, inkludert anleggsveg til topps, er på 250 millionar kroner. Hotel Alexandra AS har åleine skote inn 27 millionar. Den andre store bedrifta i Loen, Nordfjord Kjøtt, og Stryn kommune, er også tunge investorar.

I botn for satsinga ligg trenden med opplevingsbasert reiseliv.

– Bana skal samle mykje av aktiviteten og opplevingane vi kan tilby i Loen. Den blir navet, seier Richard Grov.

Budsjettet er ambisiøst. Første året er målet å frakte 40.000 opp og ned. Andre året skal det auke til 65.000 reisande.

– Cruiseturistar både frå Olden, Hellesylt og Geiranger er ei viktig målgruppe, men også landbaserte turistar frå heile området, seier Richard Grov.

Han kan garantere eit selfievennleg minne for livet, men billeg vert det ikkje. Ein vaksen billett tur/retur i høgsesongen vil koste 485 kroner.

<strong>Loen:</strong> Bana går frå fjorden til topps, til venstre i biletet. Til høgre ligg Hotel Alexandra.
<strong>Anleggsleiar:</strong> – Vi er i rute, seier byggjeleiar Åsgeir Tomasgard. Det betyr opning i mai neste år.
<strong>Satsar:</strong> Hotelldirektør Richard Grov er pådrivar for prosjektet. Arkivfoto