Det var ein fredag ettermiddag i fjor sommar at mannen i 20-åra stal ein bil i Ørsta.

Med den stolne bilen køyrde han til Stryn og vidare austover, trass i at han også hadde promille.

Forstod det var ulovleg

På Lom forstod han at han hadde gjort noko ulovleg, men alt var stengt. Difor køyrde han vidare til Otta, der han melde seg for politiet.

Søre Sunnmøre tingrett har dømt mannen til 30 dagar fengsel. Han må også betale 3.000 kroner i bot og mister førarkortet i to år.

Mannen hadde 1,2 i promille på køyreturen til Austlandet, og retten finn det straffskjerpande at han køyrde ei lang strekning, på ei tid på døgnet der ein må rekne med å møte andre trafikantar.

Det at mannen har tilstått og melde seg sjølv for politiet, er rekna som formildande.

Slo til mann

Mannen er også dømd for å ha slått til ein annan mann i ansiktet.

Dessutan er han dømd for å ha skada ein spoiler og ein grill på ein bil, og han må betale bileigaren 15.000 kroner i erstatning for skaden.