Den 12. september vart det første av fire skip av typen Alp Striker levert frå Ulstein til nederlandske Alp Maritime Services.

Og: Under prøveturen sin greidde skipet å demonstrere ei slepekraft på heile 306,9 tonn.

- Skipet kan med andre ord taue svært store flytande objekt. Til dømes vil det kunne klare det same som dei største ankerhandteringsfartøya vi har her på våre kantar, seier salssjef Ove Dimmen i Ulstein Design & Solutions AS.

Alp Striker er bygd av Niigata Shipbuilding & Repair i Japan. Skipa er av SX157-designet, og er spesielt utvikla til prosjektet i nært samarbeid mellom skipsdesignselskapet Ulstein Design & Solutions AS og skipseigar Alp Maritime Services, går det fram av ei pressemelding. Skipa, som er 88,9 meter lange og 21 meter breie, skal kunne utføre havgåande sleping uavhengig av avstand. ​I tillegg til å kunne taue svært store flytande objekt skal dei også kunne yte tenester som ankerhandtering, posisjonering og fortøying.

Ulstein har også hatt ansvar for leveransane av hovudkomponentar som motorar, thrusterar og propellar, vinsj, kraftdistribusjon og thruster drives, kontrollsystem og kommunikasjonssystem.