Volda kommune og Høgskulen diskuterer om dei skal samarbeide for å byggje nytt mediehus på Høgskuleområdet.

– Høgskulen må ha eit slikt bygg for å henge med i utviklinga. Samstundes er det ein unik sjanse for kommunen til å realisere ein kino og konsertsal, der staten tek halve kostnaden, seier Rune Sjurgard.

Eit forslag til intensjonsavtale om samarbeid mellom Høgskulen og kommunen skal no opp til politisk handsaming.

I saksutgreiinga set rådmannen utbygginga inn eit større perspektiv.

«Landet er inne i eit svært viktig tidsskilje. Det vert større kamp mellom byane og distrikta. Dei lokalsamfunna som klarer å omstille seg, og frigjere handlingsrom til å ta større grep om samfunnsutviklinga vil truleg vere dei som står seg og får positiv utvikling og tilflot av kompetanse og innbyggjarvekst», skriv rådmannen.

Sentralisering

Høgskulen er ei hjørnesteinsbedrift i Volda, og ein viktig regional institusjon, påpeikar rådmannen.

Som for sjukehusa er det stadig press frå sentralt hald mot forholdsvis små einingar i distrikta.

Samstundes satsar Universitetet i Bergen tungt på medieutdanning i eit nytt bygg, saman med TV2 og NRK.

– Dersom ein ikkje nyttar høvet til å satse på tidsmessige lokale og tilrettelegging for medieutdanninga i Volda, så vil Høgskulen i Volda tape konkurransen, seier Rune Sjurgard.

Den statlege finansieringa kan skje ved å bruke pengane som uansett skal gå til husleige for Høgskulen.

Innan 1. januar 2021 skal leigeavtalane med Statsbygg fornyast.

Dersom kommunen skal delta, og med det få seg det som i praksis vert eit nytt kulturhus, må det reagerast raskt.

– Toget går no, seier rådmann Rune Sjurgard.

Han har tidlegare vore i rådmann i Herøy, der kommunen samarbeidde med næringslivet for å realisere store prosjekt.

– Volda har ikkje så sterkt næringsliv som i Herøy, men vi har staten, seier Rune Sjurgard.

– Har kommunen råd til dette?

– Det er politikarane som skal prioritere, og det går også parallelle prosessar for å peike ut den økonomiske kursen knytt til budsjett- og økonomiplanprosessen, der politikarane kan velje, seier Rune Sjurgard.