Det melder Sogn og Fjordane politidistrikt på Twitter. Brannvesen og politi er på veg til staden, melder dei klokka 13.02.

– Vi veit ikkje kor røyken kjem frå, seier operasjonsleiar Inge Værøy i politiet til Fjordenes Tidende.

Lokalavisa skriv at det kjem røyk frå eit bygg på ein flåte nær Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg ved Rundereim.

Undersøker maskinrom

Klokka 13.25 melder Sogn og Fjordane politidistrikt at brannvesenet er på staden.

– Det er ikkje røyk frå bygget no. Eit maskinrom vert undersøkt av brannvesenet, skriv dei på Twitter.

Driftsleiar Gunnar Silden i Marine Harvest seier til Fjordenes Tidende at dei trur det er ein generator som førte til røykutviklinga.