– Vi må finne ei løysing om framleis drift. Det har vore fleire interessentar som vil kjøpe senteret, seier styreleiar Martin Kjøpstad til Sunnmørsposten.

Det er Vestnes kommune som i dag eig skitrekket og varmestova med utstyr på Ørskogfjellet. Etter fleire år med underskot vedtok kommunestyret tidlegare i år om at senteret skal seljast eller avviklast. Styret for senteret har fått i oppdrag å effektuere vedtaket, men så langt har lite skjedd.

Nytt styre

– Når eigarane ber styret om å gjere ein jobb og lite skjer, då seier eg takk for laget. Fleirtalet i styret vil ikkje ta tak, seier Knut Flølo (Frp) som inntil nyleg var nestleiar i styret. Han trekte seg på grunn av det han meiner er ei for passiv haldning i høve det klåre vedtaket frå kommunestyret. Dagleg leiar Odd Skjegstad har ifølgje Vestnesavisa sagt opp stillinga si.

Styreleiar Martin Kjøpstad (V) ønskjer ikkje å kommentere utspelet frå Flølo, men strekar under at arbeidet med å finne nye eigarar blir intensivert når han er attende frå ferie.

Styret på tre vart ikkje vedtaksfør etter at Flølo trekte seg, og ordførar Geir Inge Lien seier til Sunnmørsposten at ein valkomité er i sving for å få nye styremedlemmer til stille.

– Ifølgje vedtektene kan styret ha inntil fem medlemmar. Vi ønskjer å trekke inn fleire og dermed få breiare kompetanse, seier Lien.

Frivillige

– Er det realistisk at andre tek over skisenteret?

– Det er det, men denne sida er det styret som skal handtere. Så snart vi har nye styrekandidatar, blir det skipa til ei ekstraordinær generalforsamling, seier Lien, som strekar under at skisenteret i alle år har vore avhengig av frivillige medarbeidarar.

– Dei har stått på og fortener stor takk. Senteret vil også i framtida vere avhengig av at frivillige stiller opp, seier Lien.Drifta gjekk i fjor med 418.000 kroner i underskot på grunn av kort sesong og relativt vanskelege snøforhold, men ifølgje årsmeldinga er det grunnlag for vidare drift.

Revisor Jan Inge Torset finn grunn til å presisere at aksjekapitalen er tapt og at framtidig drift er avhengig av vesentleg resultatforbetring eller tilførsel av ny eigenkapital.

Det er gjort store investeringar med m.a. snøkanonar og varmestove på Ørskogfjell Skisenter. No kan det i verste fall bli lagt ned om ikkje nye eigarar melder seg. Arkivfoto: Johan Behrentz