Med stort fleirtal, 12 mot 4, vedtok Ørskog kommunestyre å ikkje anke vedtaket i Sunnmøre tingrett. Dei folkevalde i Ørskog støttar dermed grunneigarane som fekk erstatning for verdien av jorda «til evig tid».

Saka gjaldt bygging av sykkelveg langs fylkesveg 650 mellom Giskemo og Amdam. Skjønnet i tingretten vil samtidig danne presendens for seinare grunnerverv, med mindre Statens vegvesen finn ein utveg.

Det er nye er at erstatninga for tapt jord er rekna ut etter kva jorda kan produsere i framtida, ikkje berre ut ifrå kva den enkelte grunneigar i dag får ut av den.

Meiner Ørskog har brote avtale

Statens vegvesen har ikkje anledning til å anke vedtaket i tingretten. Dei vurderer likevel å gå vidare.

– Vi har ikkje endeleg konkludert med kva som blir vår reaksjon, dette er no til vurdering i juridisk avdeling. Men vi meiner at Ørskog kommune har brote utbyggingsavtalen som Vegvesenet har hatt med kommunen, seier seksjonsleiar John Hauger i Statens vegvesen til smp.no.

Han stiller spørsmål ved kven som har rett til å gjennomføre ekspropriasjonsskjønn. Les meir om ekspropriasjon (ekstern side).

Angrar seg

Hauger i Vegvesenet legg fram saka slik:

– Utbyggingsavtalen gjer det klart at eit eventuelt ekspropriasjonsskjønn skulle vore fremma av Statens vegvesen. Trass avtalens klare ordlyd vedrørande kven som er part i eit ekspropriasjonsskjønn, ser Statens vegvesen at vi burde ha korrigert Ørskog kommune når ekspropriasjonsskjønnet vart fremma i første instans. Det at kommunen fattar et vedtak om ikkje å anke, etter at vi hadde tydeleggjort vårt krav i samsvar med utbyggingsavtalen, ser vi på som eit bevisst avtalebrot. Det er dette avtalebrotet vi no vurderer korleis vi skal stelle oss til, seier Hauger.

– Informerte godt

Karen Simonnes Aanes er ordførar i Ørskog. Foto: Staale Wattø

Ordførar Karen Simonnes Aanes i Ørskog kommune er overraska.

– Ørskog kommune meiner at Statens vegvesen har vore innforstått med at skjønnet blei gjennomført av kommunen, seier ordføraren til smp.no i ein kommentar.

– Vegvesenet har blitt informert under prosessen, og ein representant for Vegvesenet var til stades på et fellesmøte mellom advokatar og grunneigarar, etter at skjønnet var fastsett for tingretten. På møtet var Vegvesenet både informert og innforstått med at kommunen ville handtere skjønnet. Temaet for fellesmøtet var blant anna produksjonskalkylar for ulike markslag og kven som skulle gjere slike vurderingar, seier ordførar Karen Simonnes Aanes.

Til «evig» tid

Vegvesenet meiner også at det er tydelege manglar i skjønnet som er gjort i Sunnmøre tingrett.

I dag blir det produsert gras og korn i området. Men det kan også vere aktuelt med jordbærproduksjon, som kan gje langt høgare avkastning.

Statens vegvesen meiner at kalkylane som tingretten har lagt til grunn ikkje er realistiske. Dei meiner utgiftene er større, og inntektene mindre, ved jordbærproduksjon enn det tingretten har lagt til grunn.

Resultatet av dommen var at Statens vegvesen må betale dei seks grunneigarane i området erstatningar frå underkant av 200.000 kroner og opp til nær 300.000 kroner.

Hauger seier at dei i nær framtid vil sende eit brev til Ørskog kommune i saka. Inntil då vil korkje Vegvesenet eller Ørskog kommune gå meir i detalj.