På disposisjonsfondet til kommunen står det i dag 29 millionar kroner. Overskotet kan kommunen bruke til eigenkapital for investeringar.

– Dette er eit greitt utgangspunkt for 2017, synest Tennfjord.

Her kan du lese fleire saker fra Skodje kommune.

Tåler variasjonar

– Det er ingen voldsom overflod, men ein grei storleik. Har du eit nesten tomt disposisjonsfond, lever du farleg. Fondet må vere stort nok til også å tåle variasjonar i nasjonale skatteutjamningar. Det meiner vi at vi har no, seier ordføraren.

Han seier kommunen drar nytte av dei grepa som vart gjort i førre periode for å endre kursen som elles ville ha ført kommunen inn på Robek-lista.

– Dette kjem som resultat av ganske kraftige kutt saman med auka skatteingang. Skodje har fått ei auke i innbyggjartalet. Innføring av eigedomsskatt er også ein viktig bidragsytar i dette, sier han.

Tre nye inn på lista: Møre og Romsdal har no 10 kommunar på Robek-lista

Handlingsreglar

– Vi har ikke vedtatt budsjett for neste år, men vi har vedteke handlingsreglar for overskot og låneopptak som skal vere disiplinerande.

Skodje er ein vekstkommune

– Står kommunen føre store utfordringar når det gjeld investeringar?

– Skodje er ein vekstkommune der skular og barnehage vert for små eller for få. Det er stort behov for auka kapasitet på barneskulen der ein har halde til i brakker. Vi skal utgreie behovet framover. Dette er utfordringar med positivt fortegn. kommunen opplever ei positiv utvikling når det gjeld tilflytting og arbeidsplassar der utbygging av Digereset har spelt ei vesentleg rolle.