– Kjekt å bli kjent med norske ungdommar

Kultur, språk, verdiar, omsorg og vennskap. Dette er stikkorda for eit nytt inkluderingsprosjekt i Ulstein.

Ungdommar frå SUFH og EMA samla i Valldal Aktivitetspark som var arenaen for «kick-off» for inkluderingsprosjektet.  Foto: Marie Flatin

Nyheter

Bell Ungdomsklubb, Ulstein kommune i samarbeid med Søre Sunnmøre EMA Mottak har fått  100.000 kroner frå UDI. Midlane skal nyttast til aktivitetstilbod for ungdommane ved EMA (einslege mindreårige asylsøkjarar). Med på laget er engasjerte elevar ved Sunnmøre Folkehøgskule (SUFH).

– Dette er ei mulegheit til å bidra til noko større enn seg sjølv, der ein kan stifte nye vennskap og skape unike minner, samstemmer Harald Berger og Ida Granheim i ei pressemelding.

Dei to er stipendiatar ved SUFH dette skuleåret og har tatt på seg ansvar med å hjelpe og gjennomføre inkluderingsprosjektet. Det blir lagt opp til iallfall fem organiserte treff gjennom hausten der ungdommane frå EMA og SUFH blir blanda i fire grupper med kring ti i kvar av gruppene.

Tur til klatrepark


Sist søndag var det «kick-off» med tur til Valldal Aktivitetspark.

– Vi ønska å starte med ein tur for å bli kjent. Og for ein dag det vart! Smila, praten og dei gode tilbakemeldingane frå ungdommane frå både EMA og SUFH varma om kapp med sola. Ein perfekt start rett og slett, fortel ungdomsarbeidar og prosjektansvarleg Marie Flatin frå Ulstein kommune.

Frå EMA var atten gutar med til Valldalen. Ein av dei var Basir Mohammadi.

– Dette var veldig gøy. Det er fint å øve på norsk og kjekt å bli kjent med norske ungdommar, seier Basir, som har vore om lag ti månader i Norge.

Ingrid Marie Stokke frå Sunnmøre Folkehøgskule og Basir Mohammadi frå EMA-mottaket i Ulsteinvik var mellom dei om lag førti ungdommane som var med på tur til Valldal Aktivitetspark.  Foto: Marie Flatin