– Vår erfaring er at vi må stole på brannfolket når det skjer ei alvorleg hending i Stranda. Det er dei som er først på staden, så kjem helse. Politiet kjem ofte når aksjonen nesten er avblåst. Det er ikkje godt nok, seier Tryggestad.

Fredag kom nyheita om at ei arbeidsgruppe i politiet vil ha 12 lensmannskontor i Møre og Romsdal. I dag er det 26, og Stranda sitt kontor blir truleg lagt ned. Det nye kan bli Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt med kontoret lokalisert i Sykkylven.

Befolkninga i Sykkylven, Norddal og Stranda er nærare 14.000, og i 2015 var det registrert totalt 407 straffesaker. Lensmannsdistriktet med kontor i Sykkylven blir eit av dei største i areal på Sunnmøre.

– Eg vil vite innhaldet på kva slags tenester som skal bli lokalisert i Sykkylven før eg seier så mykje. Men eg er likevel klar på ein ting, vi treng politifolk som bur i bygdene. Distriktet vårt er geografisk stort, og ei flytting til Sykkylven er greitt i forhold til merkantile tenester, men det operative politiet må vere ute i Stranda. Ikkje innelåst på eit kontor, seier Tryggestad.

Meir ute på hjul

Arbeidsgruppa i politiet har fredag overlevert si tilråding til politimeister Ingar Bøen.

– Nye måtar å arbeide på vil vege opp for dei lokale ulempene ved å slå saman nokre av lensmannskontora. Ein del av poenget med nærpolitirefoma er at vi skal legge opp arbeidet på nye måtar. Vi skal vere meir ute på hjul, gjere meir av etterforskingsarbeidet  på staden og korte ned saksbehandlingstida. Samstundes skal vi profesjonalisere samarbeidet med kommunane gjennom politiråd og eigne politikontaktar for mellom anna å målrette det førebyggande arbeidet lokalt, seier politiinspektør Kjell Arne Hestad som har leia det omfattande arbeidet med å vurdere kontorstrukturen ut frå eit politifagleg perspektiv.

Store avstandar

Tryggestad seier det er veldig bra om det blir slik, men ei samlokalisering må frigje ressursar.

– I dag er den operative tenesta for mykje prega av for store avstandar. I sommar har vi hatt politi i Geiranger og det har vore positivt. Det kan vere 10-15.000 på ein av dei store cruisedagane, og det er like mykje folk som bur i ein vanleg norsk by. Det er ei klar forventning om at politiet prioriterer Geiranger og område på Indre Sunnmøre sterkare enn i dag, seier ordføraren.

Prosjektleiar for det nye politidistriktet i Møre og Romsdal, Marianne Nordås Frøland, seier at dei no skal jobbe med å klargjere innhaldet i dei nye lensmannskontora, før politimeister Ingar Bøen skal levere si tilråding til Politidirektoratet i desember.

Høringsfrist 1. desember

3. november er det planlagt en høringskonferanse, hvor forslaget skal utdypes og politiet skal delta på flere kommunale møter i ukene framover. Høringsfristen er satt til 1. desember og to uker seinere vil Politidirektoratet motta det endelige forslaget fra politidistriktet.