Redningselskapet har gjort ei omrokkering etter at redningsskøyta Ægir gjekk rundt på dramatisk vis på Agder-kysten 29. september. Difor har 30 år gamle Skomvær III teke kaiplassen til den langt meir moderne Idar Ulstein i Fosnavåg i nokre veker framover.

Skomvær III ble bygd ved dåverande West Products i Måløy i 1986, og kjem frå opplag: – Men den er nyklassa og klare for nye oppdrag, forsikrar kaptein Roger Pettersen om bord.

Ifølgje

Vikebladet

skal Idar Ulstein vidare til garantiopphald ved verkstad i midten av november.

Godt ver Mannskapet på Skomvær II har så langt sett sunnmørskysten frå si beste side. Foto: Redningsselskapet

Seilbåt i trøbbel

Laurdag fekk mannskapet på Skomvær III sitt første oppdrag med å assistere ein seilbåt som hadde motortrøbbel ved Stad. Skipperen seier jobben var udramatisk, men at dei tok det som ein test.

– Sjøen var stille, men havtåka kom sigande og dei låg litt nær land. Fordi seilbåten skulle vidare til Måløy, fekk dei hjelp me då kome seg dit frå redningsskøyta Halfdan Grieg som er stasjonert der, seier Pettersen til smp.no.

Nøgd med veret

Med seg om bord har tromsøværingen ein dansk maskinist busett i Spania, og ein styrmann frå Karlsøy i Troms.

Mannskapet kom med båten til Sunnmøre tysdag denne veka, og er så langt strålande nøgd med at haustveret ikkje er som det pleier.

– Det har vore ei positiv overrasking å kome hit med slikt ver som vi har hatt no. Eg har vore på Vestlandet tidlegare, og veit korleis det kan vere, humrar skipperen.