Hytta ligg forholdsvis aude til på Malen, på austsida av Harøya, og har ikkje vore i bruk på ein månads tid. Etter å ha fått tips om at noko var gale reiste hytteeigar Eldar Huse ut til Harøya for å ta ein sjekk i helga.

– Eg vart sjokkert over det eg såg. Alt inventar er knust, fortel Eldar Huse.

Hytta ligg aude til på Malen på Harøya. Foto: Privat

Han saknar ingen verdisaker. Så dermed er det snakk om eit reint hærverk. Møblar og lause gjenstandar er øydelagde. Det er til og med gjort forsøk på å knuse peisen.

– Dei må ha brukt verktøy, og dei har tatt seg god tid. Så det må nesten ha vore planlagt, seier Huse.

Saka er meldt til politiet, og vert etterforska av Sund Lensmannskontor.

– Det er sjeldan å sjå at nokon går så grundig til verks. Det er også uvanleg at dette skjer på ein stad som Harøya, der det bur få folk og er oversiktlege forhold, seier lensmannsbetjent Dag Kringstad.

Politiet etterlyser tips.

Dei ubedne gjestane har óg gått laus på peisen. Foto: Privat

– Vi er usikre på når hærverket har skjedd, og vil gjerne ha kontakt med folk som har sett noko mistenkjeleg i området den siste månaden, seier Kringstad.

Politiet har ikkje fått melding om andre liknande forhold i området.