To andre menn blei funnen skuldig i seksuell omgang med den same jenta.

Tingretten frikjende to av mennene då dei ikkje visste at jenta var under 16 år. Fleire av handlingane hennar tidlegare den helga, samt fysisk utvikling tilsa at ho var over 16 år, meiner tingretten.

Dei to andre mennene visste at jenta berre var 15 år, i følge dommen.

Den eldste av mennene, ein 23 år gamal mann, vart dømt til fengsel i seks månader. Den andre blei dømt til 88 timar samfunnsstraff. Dei må og betale 75.000 kroner i oppreisning til jenta.