Det skriv prosjektleiar Katrine Smedbråten Andersen i NRK Medier i ein epost til Sunnmørsposten.

– Dette er heilt nye opplysningar for oss, seier Norddal-ordførar Arne Sandnes (Sp) i ein kommentar.

Sandnes uttalte i tysdagsavisa bekymring for at delar av strekninga på fylkesveg 63 mellom Valldal og Trollstigen vil bli utan radiodekning når FM-nettet vert sløkt i februar.

Men no fortel altså NRK at slik blir det ikkje. Dei to DAB-sendarane skal vere på plass før FM stenger 8. februar, forsikrar Katrine Smedbråten Andersen.