– No vil vi avsløre hemmelegheitene i Sulafjorden, seier prosjektleiar Jørn Arve Hasselø til Sunnmørsposten.

BRU: Slik kan brua på nye E 39 over Sulafjorden bli sjåande ut. ILLUSTRASJON: Rambøll–Sweco–SVV

Bøyene skal slepast ut frå Brandal i Hareid. I fjorden skal dei samle inn grunnlagsdata for å dimensjonere ei framtidig bru over fjorden.

– Det er kjekt at folk får vite kva desse gule bøyene er for noko, for sjøen er jo mykje brukt, seier Hasselø.

Stasjonane skal måle bølgjehøgde og bølgjeretning, og i tillegg straumretning og saltnivå i ulike høgder.

På land blir det plassert fleire vindsmaster som er 80-100 meter høge.

ARKIV. Kjell Sandli (t.v.), dagleg leiar i Hareid Fastlandssamband og Jørn Arve Hasselø frå Statens vegvesen.

– No håper vi på skikkeleg uver, seier Hasselø.

Dei tre målestasjonane har blinksignal og AIS.

Neste år kjem det fleire bøyer, og målestasjonane skal stå i fjorden i minst fire år.

Det er Fugro Oceanor i Trondheim som har utvikla målestasjonane.

I sommar vart det kjent at Hafast kjøper seg lobbyhjelp frå pr- og kommunikasjonsbyrået First House.