– Eg fekk ideen då ei eg kjenner sa at ho ønskte seg eit større hus og på Lande. Og eg ønsker meg eit mindre og i sentrum. Ho budde i sentrum og eg på Lande, så då foreslo eg å byte, seier Marita Lillebo (33).

Ho bur i einebustad på Lande på Sjøholt saman med barna Adele (3,5) og Adrian (11). På Facebook la ho nyleg ut eit innlegg der ho foreslo husbyte:

«Lyst på enebolig? Bor du i sentrum? Kanskje i en tomannsbolig? Rekkehus? Om du og familien ønsker enebolig og større plass er det ikke umulig at vi vil bytte! Stor enebolig med to garasjer, sommerstue og over 1 mål tomt. Gi en lyd på pm om du lurer på noe.»

– Eg og mine to barn treng ikkje fire soverom, kjellarstue og garasje. Og det skal jo haldast ved like også, forklarar Marita om kvifor ho ønsker å byte hus.

Lande er ikkje langt frå sentrum på Sjøholt, men familien ønsker seg enda nærare.

– Når eg er aleine vert det litt meir komplisert med henting og bringing og sånt enn om vi hadde budd i sentrum. Og det er ein bonus for barna om dei kjem nærare vennane sine, seier ho.

Bygdebladet skreiv om denne saka først.

Bustadbyte

Det er no ei veke sidan ho la ut innlegget på Facebook - og ho har fått respons. Men mykje skal stemme for at bytet skal gå i orden.

– Det har vore litt respons. Tre-fire har tatt kontakt. Dei vil gjerne sjå på huset, og lurer på kva eg meiner med byte. Eg tenker at det bør gå som vanleg - at vi sel husa til kvarandre, seier Marita.

– Og kva er fordelen med det?

– Ein unngår uvissa om å finne seg ein plass og bu, å få selt der eg bur og få kjøpt seg eit nytt hus. Og ein unngår meklarutgifter. Men det skal jo litt til for at det skal passe for meg og den andre som kunne tenke seg å byte, seier ho.

Ikkje kresen

Marita meiner at bytet kan gjennomførast raskt viss ho finn nokon som vil byte. Og seier sjølv at ho ikkje er kresen.

– Nei, eg vil jo gjerne ha litt sol då, eg vil helst ikkje på skyggesida, men elles er eg ikkje kresen.

– Og korleis er bustadmarknaden på Sjøholt for tida?

– Det er veldig lite einebustader til sals, det veit eg.

Så då er det kanskje nokon der ute som ønskjer å byte til seg ein einebustad.