Det skreiv Sykkylvsbladet fredag, og viser til ein rapport frå Sykkylven kommune, som har vore på inspeksjon på fjellet saman med ÅRIM. Konklusjonen var at avløpsanlegget til misjonssenteret ikkje fungerte tilfredsstillande.

Det avviser dagleg leiar Joar Olav Grøtting i Rense og Miljøteknikk AS, som no er engasjert av senteret til å sjå på saka.

– Biorotoren fungerer, og sørger for at 90–97 prosent av avløpsvatnet blir reinsa før det går ut i vatnet. Så dette er ikkje nokon katastrofe, seier Grøtting.

Han legg til at det einaste anlegget manglar er kjemisk fjerning av fosfor.Ved inspeksjonen fann kommunen og ÅRIM også avvik ved fleire private hytter. Frå nokre rann det kloakk rett ut i naturen frå hòl i septiktankane.