Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag fredag overdratt dei avtalte 26 prosenta av aksjane i Fjord1 til Per Sævik-familiens Havilafjord AS. Det opplyser Fjord1 i ei pressemelding.

Dermed er kontrollen i selskapet formelt overført frå fylkeskommunen til Havila.

Sævik trua med rettssak

– Fjord1 er eit veldrive selskap der Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore majoritetseigar heilt fram til no. Havila kjenner selskapet veldig godt etter å ha eigd 41 prosent sidan 2011. Leiinga og dei tilsette har dei siste åra gjort ein flott jobb med å snu ei negativ utvikling. Eg ser ingen grunn til at vi skal gjere store endringar i eit selskap som er så veldrive, understrekar Per Sævik.

Fylket vil vere med vidare

Fylkesordførar Følling på si side er glad for at floken mellom fylket og Havila no er løyst.

– Eg er glad denne saka no er løyst, seier fylkesordførar Jenny Følling og held fram: – Vi skal vere med som medeigar i selskapet framover i nokre år og ser fram til eit godt samarbeid med Per Sævik og Havila-konsernet.