På siste møte i Fylkestinget før sommaren åtvara fylkesordførar Jon Aasen (Ap) mot det han meinte var for høgt fråvær blant fylkespolitikarane. «Dette må ikkje få flyte ut», oppmoda han.

No er fylkespolitikken i gong att etter sommaren, med første fylkestingsmøte den 17. oktober. Sunnmørsposten har gått gjennom fråværsstatistikken sidan valet i fjor haust.

Opp mot 25 prosent

Resultata syner eit til dels høgt fråvær. Fylkestinget har fire møter i året, og det siste året var det ingen fråvær der blant dei 47 representantane. Men desse sit òg i fleire underutval og nemnder, som jobbar med spesifikke politikkområde – og det er her fråværet er.

Også her er fråværet betydeleg. I Yrkesopplæringsnemnda hadde fleire av desse opp under 50 prosent fråvær det siste året.

Rift om plassane

Fylkesordføraren vil ikkje kalle det eit demokratisk problem på noverande tidspunkt, men meiner det fort kan bli det. Han meiner det er viktig at partia snakkar om dette og innstiller eit medvite forhold til det hos folka sine.

Godt kompenserte

Fylkespolitikarar med fleire verv er i tillegg omfatta av frikjøpsordningar som er blant dei mest sjenerøse i landet.

Desse blir utrekna med utgangspunkt i fylkesordføraren si løn – som ved årsskiftet utgjorde 1,173 million kroner. Sett vekk frå fylkesordføraren fekk sju representantar fast godtgjersle på over ein halv million. Fire fekk over 900.000 – utan at nokon av dei hadde fleire verv i fylkespolitikken enn tilsvarande 80 prosent stilling.

Desse var Charles Tøsse (H), Kristin Marie Sørheim (Sp), Frank Sve (Frp) og Gunn Berit Gjerde (V). Ingen av desse er på fråværstoppen.

Andre politiske verv

Aasen ser verdien i å ha folk på fleire nivå av politikken, og understrekar at partia må ta debatten sjølve.

– Det er veldig interessant for partia å ha etterretning frå Stortinget. Så blir det opp til kvar enkelt kva dei vil prioritere, og kor mykje politikk dei vil drive med. Det å sitte på Stortinget som vara og samtidig ha fråvær i fylkespolitikken, det er heilt kurant, seier han, og meiner det er viktig at partia tek diskusjonen.

– Diskuterer partia dette i tilstrekkeleg grad i dag?

Aurdal: – Må prioritere hardt

Ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) er ein av dei med verv på både kommunalt, fylke og nasjonalt nivå. I tillegg til å vere ordførar i Ålesund er ho òg vara på Stortinget. I fylkespolitikken er ho medlem av Fylkestinget og Fylkesutvalet, som er arbeidsutvalet til Fylkestinget.

Mange verv: Eva Vinje Aurdal (Ap) er ordførar i Ålesund og vara på Stortinget, i tillegg til at ho har fleire verv på fylkesnivå. Foto: Staale Wattø

Ho er også ein av dei med høgst fråvær. Av 17 møter i Fylkesutvalet sidan valet i fjor var ho vekke på tre av dei, i tillegg til å misse eitt møte i Klagenemnda.

– Forklaringa er at eg samstundes blei ordførar i Ålesund. Av og til må eg prioritere beinhardt, og då har det ført til fråvær, fordi eg har sett Ålesund sine interesser først. Men så håpar eg no – eg har jo ikkje vore ordførar fullt eit år – at eg etter kvart vil klare å balansere dette betre, seier ho.

– No var det ikkje spesielt planlagt at eg skulle bli ordførar og i tillegg vere ein sentral fylkespolitikar – det var jo same valet til både fylke og kommune.

Stortinget trumfar

Ein annan grunn til fråværet er at ho er vara til Stortinget. Når det har kollidert med fylkespolitiske møter har sistnemnde blitt nedprioritert.

– Når eg blir kalla inn der trumfar det alt anna. Det er også hovudårsaka til at eg ikkje stiller på stortingslista til neste val, fortel ho.

– Har det av og til kome til eit punkt der du har tenkt at dette rett og slett er for mykje?

– Nei, eg har eigentleg ikkje det, for eg diskuterte nøye med dei andre i gruppa mi, om eg skulle ta denne plassen. Eg opplever eg har møtt forståing for at eg har vore nøydd å prioritere mykje på heimebane, og at vi har hatt ei slags arbeidsfordeling – eg har vore del av teamet på fylket, men vi har delt på kva saker vi har tatt.

Forstår Aasen

Ho forstår likevel problemstillinga til Aasen, seier ho.

– Der er eit alvor med å vere folkevald. Og når du har sagt deg villig og har blitt vald og har ein posisjon, så må den prioriterast veldig høgt. Eg er einig med Jon Aasen i at ein skal ha svært gode grunner til å ikkje vere til stades, seier ho.

Meiner 25 prosent er ok

– Dette er viktig å snakke om, meiner statsvitar Nils Aarsæther. Eit fråvær på rundt 25 prosent er innanfor, meiner han.

– Viss det derimot går opp mot halvparten av møta i eit utval så vil eg begynne å reagere. Det er i demokratiet sin interesse at ein ikkje overbelastar enkeltpersonar. Når ein har folk som hastar frå møte til møte så får dei ikkje tid til god førebuing. Etter kvart blir dei avhengige av rådgivarar som leverer ferdigskrivne innlegg. Demokratiet er ikkje tent med ein slik arbeidsmåte.

– Om ein er ordførar, fylkespolitikar, og i tillegg vara på Stortinget, kan det bli for mykje?

– Om du har tunge verv på alle tre nivå så får du mykje god informasjon, og det bind saman nivåa på ein god måte. Men slik det er lagt opp i dag er det ikkje tilpassa å skulle handtere arbeidsmengda som følgjer med alle desse samstundes.