Dette vart ikkje lyst ut på anbod, men gitt direkte til advokatselskapet Wiersholm. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Tore Eriksen. Arkiv

I dag forklarte fylkesrådmann Tore Eriksen seg for fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane om hendinga som Kontrollutvalet har kome fram til at var ulovleg.

Sjølv om fylkespolitikarane vart samde om at lova vart broten, og at fylkesrådmannen hadde ansvaret, fekk ikkje eit mistillitsforslag frå Arbeiderpartiet fleirtal, ifølge NRK.

– Eg vedgår at eg har gjort ting feil, og at burde ha gjort ting annleis. Det ber eg om orsaking om til fylkestinget, skal fylkesrådmann Tore Eriksen ha sagt.

Les også: Fjord1-salet i boks for Havila: Havila eig 67 prosent av Fjord1