Ina Rangnøes Libak (27) er opprinneleg frå Averøya, men er innvald i sentralstyret frå Akershus. Ho sat i sentralstyret også i førre periode, men blei i helga vald til ny nestleiar i organisasjonen.

Astrid Eide Hoem (21) er frå Kristiansund er nyvald medlem til sentralstyret i AUF.

Jobbar kvar dag for AUF

AUF hadde i helga sitt 55. ordinære landsmøte. 350 delegatar frå heile landet var samla for å vedta ungdomspartiet sin nye politikk.

Begge dei to nordmøringane blei einstemmig valde, ifølgje ei pressemelding.

– Vi gler oss til å fortsette å jobbe kvar einaste dag for AUF, uttaler dei to sentralstyremedlemen.

Vil påverke Ap

AUF er Norges største ungdomsorganisasjon, og Libak og Hoem trekkjer fram at når AUF vedtek noko, så blir det lytta til.

Dei vil blant anna jobbe opp mot Arbeidarpartiet for å fågjennomslag for å ikkje konsekvensutgreie dei sårbare områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.