Politimeister Ingar Bøen foreslår at ei rekkje lensmannsdistrikt i Møre og Romsdal skal slåast saman og at det i framtida skal vere lensmannkontor i Vanylven, Ulstein/Herøy, Volda og Ørsta, Haram, Sykkylven, Vestnes, Rauma, Eide/Fræna, Sunndal, Aure og Surnadal.

Bøen fylgjer i stor grad konklusjonane frå ei intern arbeidsgruppe i politiet som la fram si tilråding for fjorten dagar sidan, heiter det i ei pressemelding.

11 i staden for 9

Gruppa foreslo tre politistasjonar og ni lensmannskontor i framtidas Møre og Romsdal, men politimeisteren ynskjer også kontor i Eide/Fræna og på Vestnes.

Dessutan ynskjer han å flytte kontorstad for det nye Nordre Sunnmøre lensmannsdistrikt frå Ørskog til Haram.

Samstundes signaliserer han ynskje om ei flytting av kontoret i Ulstein til Myrvåg-området i Indre Herøy når det passar med utløp av eksisterande husleigekontrakt.

Bakgrunn:

Vil fjerne halvparten av lensmannskontora og politistasjonene

Stranda-ordførar: – Politiet er dei siste som kjem fram til ein aksjon

Ordførere i kø for å påvirke politiet

Høyring

Framlegget frå politimeisteren vart fredag sendt på høyring til alle kommunane i Møre og Romsdal.

Sjølv om politimeisteren meiner det eit godt framlegg han har sendt på høyring, understrekar han at det ikkje er høgd i stein.

- Vi skal no ha ein omfattande høyringsprosess der kommunane er utfordra til kome med innspel. Det skal haldast ein stor høyringskonferanse i Ålesund 3. november og vi skal ha nye møter med ordførar og tillitsvalde før høyringsfristen går ut 2. desember. Då har eg eit par veker på meg til utforme eit endeleg forslag til Politidirektoratet som skal avgjere strukturen, seier politimeister Bøen i pressemeldinga.