Svein Harsjøen seier det kom fullstendig overraskande på han at Frank Sve skulle trekkje seg.

– Det skuldast nok at vi i Framstegspartiet fekk eit luksusproblem, med for mange gode kandidatar, og det er jo berre ein som kan stå på topp, seier Harsjøen til smp.no tirsdag ettermiddag.

Olav Harald Ulstein, Frp Sykkylven kommenterer det slik:

– Frank Sve ville ha vore ein god toppkandidat på lista, og ein stemmesankar. Han har gjort ein formidabel innsats i Møre og Romsdal, er godt kjend og godt likt. Det var på ein måte hans tur no. Når han no likevel vel å trekkje seg, viser det kor stor ein mann han er. Dermed kjem Sylvi Listhaug inn på topplassen. Med ho på topp trur eg det er mange andre parti som skjelv i buksene, seier Olav Harald Ulstein.

– Eg registrerer at Frank Sve har trekt seg, og det er ei avgjerd vi må respektere. Ut over det har eg i grunnen ingen kommentar. Nominasjonsprosessen i partiet kjem til å halde fram som før, seier Båtsvik.

Jeanette Teigene, Hareid Frp:

– Vi har ei god liste i Framstegspartiet. Nokon annan kommentar har eg ikkje, seier Teigene til smp.no.

Olav Harald Ulstein meiner det på ein måte var Frank Sve sin tur til å stå på topp. Foto: Nils Harald Ånstad