UDI strammar grepet

«Sadeq» (16) får asyl-nei og må reise heim

Ein 16-år gamal afghanar i Herøy er eit av fleire barn som må returnere til heimlandet – Alle som dreg tilbake risikerer å bli drepne, seier han.

Fosnavåg: 16-åringen har sidan mars budd på asylmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar i Herøy. Denne veka fekk han varsel om at han må fortale Noreg og reise til heimlandet. 

Nyheter

16-åringen kom til Norge for eitt år sidan etter ei lang og farefull reise via Iran, Tyrkia, Hellas og på kryss og tvers gjennom Europa. Sidan mars har han budd på asylmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar i Herøy, og han har hatt språkundervisning i regi av kommunen,saman med andre mindreårige asylsøkjarar.