Mennene tok på seg å halde vakt i samband med tjuveri frå ein pelsdyrfarm på Øye for nesten tre år sidan.

Tjuvane fekk med seg om lag 115 minkskinn og 35 reveskinn frå ein oppdrettar, medan dei ikkje lukkast med tjuveri frå ein annan.

Slepp å sone

I Søre Sunnmøre tingrett la aktor ned påstand om åtte månader fengsel for begge dei to mennene. Men tingretten meiner dette er for strengt.

Mannen i 20-åra er dømd til fengsel på vilkår i 120 dagar, og prøvetid på to år. Mannen i 30-åra er dømd til 90 dagar fengsel, også dette på vilkår og med to år prøvetid. Av individualpreventive grunnar finn retten ingen grunn til at dei tiltalte skal sone no, tre år etter hendinga fann stad.

Aktor har forklart tidsbruken med at hovudmennene i saka måtte få dom først. Dom mot desse mennene var først rettskraftig i sommar.

Tilstod i avhøyr

Retten viser til at det har gått lang tid før saka kom opp, noko som har vore ei belastning for mennene. Skilnaden i straff skuldast at den eldste tilstod i første politiavhøyr, medan den yngste tilstod først i retten.

Begge må betale 3.000 kroner i sakskostnader.

Viktige roller

Det var fleire personar som samarbeida om pelstjuveriet, og dei to som no er dømde er ikkje hovudmenn i saka.

Dei har vedgått at dei stod på kvar sin vaktpost for å halde utkikk. Retten finn bevis for at mennene såg ein sjanse til å tene "nokre raske pengar", og det er ikkje ført bevis for at dei var del av ei kriminell gruppe.

Dei hadde heller ikkje sentrale roller i planlegging av innbrota, men retten meiner rollene deira var viktige for å kunne gjennomføre lovbrota.

Aktor har gjort gjeldande at pelstjuveria har likskapstrekk med mobil vinningskriminalitet, der Høgsterett har sagt det skal reagerast strengt. Retten er i noko grad einig, men viser til den meir tilfeldige rolla dei to mennene har hatt.

Fann skinna i Sykkylven

Pelsdyrfarmen på Øye blei utsett for innbrot og grovt tjuveri på same tid på året både i 2012, 2013 og 2014. Siste året fanga politiet det som skjedde gjennom viltkamera. Det blei også festa GPS på fleire skinn.

Dei to som no har fått dom blei registrert med hyppige mobiltrafikk i området, i tida for tjuveriet i 2013.

Mobildata er sentrale bevis rundt pelstjuveria.

Pelsskinna var tenkt omsett i utlandet, men før dette skjedde fann politiet skinna oppevart i ein av hovudpersonane sin bustad i Sykkylven i januar 2015.

Advokatane Atgeir Almestad og Miriam Kristine Grimstad er forsvararar for dei to mennene som no er dømde for medverknad i samband med eit pelstjuveri på Øye for snart tre år sidan. Her frå rettssaka mot dei to mennene. Foto: Arkivfoto: Anne-Mari Tomasgard