Det opplyser ordførar Eva Hove i ei pressemelding. Det var i kommunestyremøtet onsdag at det vart gjort eit samrøystes vedtak om at kommunen skal ta initiativ overfor Norddal og Ørskog.

Målet er forhandlingar om ein muleg ny kommune. I tidlegare vedtak har dette vore ei løysing som eit alternativ til det å stå åleine.

– I ein situasjon der Fylkesmannen overfor departement og Storting har tilrådd ei samanslåing, står nok åleinealternativet svakare, men ikkje minst kan andre kommunar sine val også påverke oss og mulegheitene våre, skriv Hove i pressemeldinga.

Hove trur det vil påverke Stordal om Ørskog går inn i Ålesund kommune. I dag ligg fire små kommunar på rekkje og rad innover fjorden.

Kommunestyret i Stordal trur at dei ved å danne ein felles kommune med Norddal og Ørskog vil vere betre i stand til å ta i vare innbyggjarane sine behov framover.

– Saman kan vi gjere fagmiljøa våre sterkare og meir attraktive for jobbsøkjarar. Saman kan vi verne om dei gode oppvekstvilkåra og den gode tenestekvaliteten, meiner Hove.

I dag er det langt på veg likeverdige tenester i desse tre kommunane, og ei sterkare landkommune kan demme opp mot dagens kraftige sentraliseringstendens, meiner ordføraren.