For første gong har ordføraren i Kristiansund, Kjell Neergaard (Ap), flagga tydeleg at kommunen bør gå nordover og bli ein del av ein ny region i Midt-Norge, skriv NRK Møre og Romsdal.

Dette kom fram då Nordmøre regionråd var samla fredag.

Berre fire av elleve ordførarar vil behalde Møre og Romsdal som eigen region. Dette gjeld ordførarane i Sunndal, Tingvoll, Gjemnes og Averøy.

På eitt område vart dei 11 ordførarane einige: Dersom Stortinget meiner at Møre og Romsdal er for lite som eigen region, ynskjer alle nordmørskommunane å gå nordover til ein midtnorsk region.